Åpningskonsert på Operaen!
Gå ikke glipp av kveldens åpningsforestilling på Operaen!
Premiere på Liquid Vapor (2009) av Else Olsen S., Hun framfører verket saman med Maja Ratkje, Guro Moe, Victoria Johnson, Alexander R. Jensenius, Yoann Péncole, Yngvild Aspeli og legende og pioner Pauline Oliveros, som gjestar Noreg i høve til Open Form-festivalen!
Fri entré!
Besetninga er kontrabass, trekkspel, preparert piano, leiketøyspiano, song og stemme, to dokker, lys, to skodespelarar, elektrisk fiolin, 32 bjeller, popcorn, klinkekuler, vatn og leiketøysorkester.
Det blir servering av ulike vatn- og dampbaserte drykkar i bar frå 16.00-19.00 før framsyninga.
Komponist Else Olsen S. har laga ein open form-komposisjon basert på den banebrytande forskinga til den norske vatn- og dampforskaren Signe Kjelstrup[1]. Verket heiter Liquid Vapor (2009). Komposisjonen er samansett av ei rekke grafiske figurar henta frå Signe Kjelstrups forsking på vatn, samt ein instruksjonstekst for interpretasjon for utøvarane. For kvar gong stykket blir framført blir det til eit ganske nytt stykke. Både instrumentering og interpretasjon er med på å forme det som publikum faktisk opplever. Dette betyr at stykket ikkje er ferdig før utøvarane har gjennomførd interpretasjonen, og dermed er alle utøvarane på ein måte komponistar i si framsyning.
Open Form vil utfordra eit nytt publikum til å oppsøka samtidskunst.
Liquid Vapor presenteres av Norges Musikkhøgskole i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett.
